Regler for brenning i innmark/utmark

 


  Skal du brenne bål? Meld frå til 110-sentralen i Drammen. Telefonnr.: 33314110    

  For meir generell informasjon om brenning av bål, sjå http://www.sikkerhverdag.no        


Her er ein del reglar/informasjon i forbindelse med brenning av bål:  

  • Bygningsmateriale er ulovleg å brenne 
    Bygningsavfall skal leverast på eige mottak. DETTE GJELD HEILE ÅRET!
     
  • Forbud mot åpen eld i skog og utmark
    Åpen eld i skog og utmark er forbudt frå 15. april til 15. september. I denne perioda er det ikkje lov å brenne bål i skog/mark utan løyve frå lokalt brannvesen (gjeld også eingongsgrill). Dette på grunn av faren for skog-, gras- og lyngbrann. Jfr. forskrift om brannforebyggande tiltak og tilsyn § 3.
     
  • Åpen eld i innmark (ved hus/hytte o.l.)
    Større bål i tettbygd strøk er ulovleg. Sjå link til lokale forskrifter for Ål kommune (forskifta er lik for Ål, Gol og Hemsedal):  http://lovdata.no/for/lf/ov/tv-20091217-1791-0.html.
     
  • Bråte og flatebrenning (felles prosedyre utarbeida av Miljøretta Helsevern Hallingdal, Ål kommune og Hallingdal brann- og redningsteneste iks)

    Viktig å minne om følgjande:
    • Tilråde at brenning skjer mellom 15.sept. og 15.april 
    • Bråtebrenning og anna brenning av hage- og jordbruksavfall må ikkje utførast i eller nær tettstader eller der røyken kan vere til sjenanse for andre. Røyk kan føre til helse- og trivselsproblem, særleg for folk med astma-plager 
    • Flatebrenning/brenning av hogstavfall i skogmark samt gras- og lyngsviing i eller i nærleiken av skogmark skal ha ein ansvarleg leiar som skal ha utarbeidd plan for brenninga som sikrar at dette skjer på ein forsvarleg måte. Det skal sendast melding til brannvesenet i eigen kommune. Jf. Brann- og eksplosjonslova § 8-2 
    • Naboar må varslast, jf. Nabolova § 5 
    • Sjå an vær- og vindforhold 
    • Unngå brenning på sundagar og andre helgedagar 
    • Brenning bør skje i god tid før mørkets frambrot 
    • Viktig med etterkontroll av staden 
    • Ulovleg brenning som fører til utrykning kan medføre krav om kostnadsdekning frå kommuna