Feiing og tilsyn

Spørreskjema for kartlegging av hytter: 
http://fritidsboligerhallingdal.businesscatalyst.com/index.html


Gebyrsatsar 2018:
1. Tilsynsgebyr: kr. 1.280,- pr. tilsyn (ikkje mva på tilsyn)
2. Feiegebyr: kr. 450,- + mva pr. pipe. For pipe nr. 2 på samme tak kr. 225,- pr. pipe
3. timesats for anna arbeid kr. 650,- + mva (f.eks ved fresing av pipe o.l.)





ENDRINGAR I RUTINAR FOR FEIING OG TILSYN

I 2016 kom ny forskrift om brannforebygging med vesentlege endringar frå den tidlegare gjeldande forskriften på området. Tidlegare skulle det feiast piper minimum kvart fjerde år, og oftere hvis det var behov. Tilsyn med fyringsanlegg skulle gjennomførast kvart 4. år. Fyringsanlegg betyr ovn/peis/fyrkjele inkl. røykrør og skorstein. Den nye forskriften sett ikkje krav til kor ofte det skal feiast og gjennomførast tilsyn, det er risikoen for brann ved kvart enkelt fyringsanlegg som skal leggjast til grunn for kor ofte feiing og tilsyn skal gjennomførast. I tillegg vart alle fyringsanlegg omfatta av forskriften, det betyr at alle fritidsboligar, hotell og næringsbygg også skal ha tilsyn og feiing dersom dei har eit fyringsanlegg.

Endringar for boligar
Ein utredning og risikovurdering som vart gjort i alle Hallingdalskommunane i 2016 viser at det skal gjennomførast feiing og tilsyn minimum kvart 8. år, eller oftere dersom risikoen tilsier det. Feiaren kartlegg risikoen for kvart enkelt fyringsanlegg/bolig etter alder og tilstand på anlegget, etter fyringsmønster, sotmengde o.l.

Endring for boligeigarane blir derfor at feiaren kan komme sjeldnare eller oftere enn før. Siden me tidlegare skulle gå tilsyn kvart 4. år så vart tilsynsgebyret delt på fire og fakturert ¼ hvert år. Når det no blir ulik frekvens på tilsyn i boligar så må det frå i år fakturerast heile gebyret på ein gong, men berre etter at tilsyn er gjennomført. Siden heile gebyret no blir fakturert i stedet for ¼ så vil det opplevast som ein aukning i gebyret, men det er altså ingen aukning, årsaken er du betaler heile gebyret på ein gong etter at du har fått tilsyn i staden for ¼ kvart år uavhengig av når du fekk tilsyn. Den nye ordningen blir derfor meir riktig også sidan du kun betalar etter at feiaren har vore på besøk for å utføre tilsyn, ikkje ellers. 

I overgangen frå gammel til ny ordning så vil det vera ein del som har betalt dei siste åra utan å få tilsyn. Dei som dette gjeld vil få fråtrekk på det nye gebyret ut fra kor mykje du har betalt tidlegare, og når du fekk tilsyn sist gong.

Når det gjeld feiing så blir det ingen endring på korleis gebyret fakturerast, det vil bli fakturert etter at du har fått feiing slik som før. Men i frekvens kan det bli sjeldnare feiing på dei som brukar fyringsanlegget lite. Det medfører at det også blir billegare for dei, ettersom det berre blir fakturert etter at feiing er utført. Dei som ynskjer oftare feiing enn det som feieren forslår gir beskjed om dette, så får dei feiing oftare.

Endringar for fritidsboligar

Endringar i forskriften medfører betydelege endringar for kommunen sidan alle fritidsboligar vart omfatta av forskriften. I våre kommunar er det vesentleg fleire fritidsboligar enn boligar. Det betyr at vi treng mange fleire feiarar. Men kor mange veit vi ikkje før vi har kartlagt omfanget. Det er i 2016 gjort ein utredning i alle kommunane i Hallingdal, denne beskriv framdriften i arbeidet der me byrjar med ein kartlegging. Alle hytteeigarar vil få eit skriv der dei må registrere ulike opplysningar om fyringsanlegget og bruken av dette, og om ein i det heile tatt har eit fyringsanlegg i fritidsboligen. På bakgrunn av denne kartlegginga vil vi organisere feie- og tilsynstjenesten i fritidsboligar framover. Målet er at dette skal være klart frå 1.1.2018. Inntil me har organisert oss for dette kan hytteeigarar som ynskjer feiing eller tilsyn ta kontakt med oss for å avtale feiing og/eller tilsyn.

Spørreskjema for kartlegging av hytter: http://fritidsboligerhallingdal.businesscatalyst.com/index.html

Ein annen utfordring når det gjeld feiing og tilsyn på fritidsboligar er at folk stort sett er på hytta i helgane og i feriane, og det blir vanskeleg for kommunen å utføre feiing og tilsyn berre i helgar og feriar. Dersom me skal rekke over alle er me avhengig av å jobbe i vekedagene. I kartlegginga vil vi skaffe informasjon på om det er mogleg å gjennomføre feiing og tilsyn i vekedagene, f.eks. ved hjelp av nøkkel fra vaktselskap, vaktmeister, eller ein annen representant for hyttefeltet/området.

Me vil også gjera oppmerksom på at forskriftene krever at feiaren skal ha ein stige eller trinn på taket for å utføre jobben forsvarlig og i henhold til forskriftskrava. Feiaren har krav til å risikovurdere faren med å gå på alle tak. Nokon tak, slik som torvtak, kan han gå på utan stige/trinn når det er tørt og ikkje is, ved andre forhold medfører det ein fare å gå på same taket slik at jobben ikkje kan utførast. Uansett er risikoen for uhell/ulykker større for ein som går på 25 tak kvar arbeidsdag heile året, enn for ein som kanskje går på taket ein gong i året. Har du spørsmål om takstige/taktrinn så ta kontakt med oss.

På både hytter og bolighus gjeld regelen om at oppmøte av feiar = gebyr. Så hvis varsla tidpunkt ikkje passar er det viktig at du får avtalt nytt tidspunkt.

------------- 

Fyring med gass:
Gasspeiser og sentralfyr er å rekne som fyringsanlegg, og er derfor med på tilsynsordninga vår. Dette gjeld ikkje viss gassanlegget berre er knytt til ein koketopp e.l. på kjøkkenet.
Vi feier ikkje piper som blir brukt til gassfyring, det blir i såfall etter forespørsel.

Fritak for feiing/tilsyn: 
Hvis du har fjerna eller plombert ildstaden kan du få fritak for feiing/tilsyn. Dette må vi har skrfitleg søknad på, bruk skjemaet "Søknad om feiefritak".
Du kan også søke om fritak hvis huset står tomt over fleire år, men denne søknaden må stilast til kommunen, v/teknisk etat. 

Regler for trinn/stige på tak:
HBR iks har i 2018 utarbeida risikoanalyse for arbeid på tak ved feiing, sjå teksten her......

Kontaktinfo ang. feiing og tilsyn i boliger og fritidsboliger:
Hallingdal brann- og redningsteneste iks
Tlf.: 96625425
Mail: feieavdeling@hallingdal-brannvesen.no